A Travellerspoint blog

Hawaii, dag 10

Waipi'o valley, Waimea

overcast 28 °C
View San Francisco og Hawaii on kmull's travel map.

Den siste heile dagen på Hawai'i køyrte oss til Waipi'o valley, beskrevet som nærmast paradis på jord av Lonley Planet. Men før oss reiste var det viktig å ta den spirituelle Ali'i hola'a'alola dansen.

P1070060.jpg

Når oss kom fram gjekk oss først til et utkikspunkt ca. 600 meter over dalbunnen. Et ganske flott syn, men oss som er frå Norge er vant med litt av kvart når det gjeld dala og fjorda.

P1070062.jpg

Dei drøye 600 meterane ned til dalbunnen blir unnagjort i form av en kronglete vei med 25% helning. Eg var litt skeptisk til turen opp igjen og spurte Silje om det var verdt å gå ned. Ho insisterte, og eg tenkte at då kunne det i det minste bli godt materiale til bloggen når det blei sutring på veg opp igjen. Turen ned gjekk iallefall leikandes lett.

P1070064.jpg

Oss fann til og med litt proviant på vegen. Eg var litt skeptisk for å havne på sjukehus med bendelorm, men Silje meinte det var trygt, og når man er gift har man med å høyre på kona si.

P1070070.jpgP1070071.jpg

Vel nede gjekk oss oppover langs en vei mot et fossefall. Fossefallet var fint det, men det var private eiendomma i alle retninga, gjerde og strenge skilt med "No trespassing!", so oss fekk ikkje sett den på nært hold. På veien måtte oss forsere ei stor elv.

P1070083.jpg

Litt oppe i dalen fann oss ut at det var like greit å snu og gå ned mot stranda. På veien traff oss på denne lille, hyggelige karen som oss har tatt med heim som suvenir til Ingrid.

P1070109.jpg

Stranda hadde svart sand, og hadde store bølge som slo inn og var ikkje speielt egna for bading, men var et fint syn. Og det er nokke hypnotisk og beroligende med å sjå på bølgene som slår inn mot land. Det var litt andre turista der, så Silje mot vise musklar så dei skjønte at dei ikkje kan kødde med oss.

P1070116.jpg

Det var på tide å starte på turen opp igjen, men til min store skuffelse var det ingen sutring frå Silje..

P1070128.jpg

Oss var likevel gode å slitne når oss kom på toppen. Der møtte oss en gjeng amerikanera og en ranger. Dei spurte han om det var hardt å gå opp, og han svarte at dei kunne spør oss siden oss akkurat var komt opp. Då svarte eg med min grovaste norsk-amerikanske aksent: "Nei, var ikkje so gale, men oss er jo frå Norge, så oss er vant med høge fjell", og imponerte heile forsamlinga stort. Var tett før eg fortalte dei om alle isbjørnane i gatene i Oslo.

Stort meir gjorde oss ikkje den dagen, oss hadde stor plana om en tur på stranda i tillegg, men det var veldig godt å ligge i senga å sjå film (var overskya ute uansett!). Neste ekspidisjon blei en middagsekspidisjon, og eg var ute etter biff. Vi endte opp på Huli-Sue's. Der satt folk å drakk frå syltetøyglass, nokke som frå mi erfaring med amerikansk film såg ut som at dei slurpa i seg "moonshine", på godt norsk heimbrent eller heimert om du vil. I og med at det var fult av unga på 4-5 år som satt og drakk det og, innsåg eg at teori min var feil, og oss slo oss ned for en middag. Biff fekk oss, men den va litt vel svidd og litt vel rå. Ved sida av den fekk oss husets spesialitet maispudding, men det smakte mest som farmor sin fiskegrateng, og blei litt rart sammen med biff. Uansett blei oss gode og mette, og fann veien tilbake til vårt lille krypinn og gjorde oss klare for siste natt med å sjå på litt god gammeldags amerikansk søppel-tv, "Bad girls club, Miami" ( reality om en gjeng med obsternasige jente stua sammen i et hus, som slåss og slenge sjit om kvarandre (kvalitet)), men Silje søvna før det hadde begynt so eg måtte "lide" meg gjennom det aleine.

Posted by kmull 11:28 Archived in USA Tagged foot

Email this entryFacebookStumbleUpon

Table of contents

Be the first to comment on this entry.

This blog requires you to be a logged in member of Travellerspoint to place comments.

Enter your Travellerspoint login details below

( What's this? )

If you aren't a member of Travellerspoint yet, you can join for free.

Join Travellerspoint